Ho ferdest ut mot havet Stormen fylgjer på Regnet stryk mot kinna Men ingen her kan sjå At under yverflata Druknar ho eit kor Sjølv om ho kan høyra kvart eit ord Ho talar med dei vonde Gøymd under torevêr Ingi sjel fær sjå no Kva det er ho ser Og ingen når å finna Henne der ho er Ho døl ljoset rundt seg når ho fer Stundom er ho faren langt frå her Ho ser eit rom i verdi For dei som ei slår rot Inkje er for mykje Havet tek imot Kan henda ein må leva Med stormen slik han er For han vil fylgja med deg der du fer Ho lyt segla sjølv om der er skjer Når du stend i stormen vert du blind Men ein kan ikkje segla utan vind Aah aah Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra deg Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra deg