Um ljod bed eg alle Helga lydar Store og småe Søner åt Heimdall Det vil du, Valfader At vel eg fortel Frå fyrndeheim Det som fyrst eg minnest Jotnar eg minnest I upphav borne Dei som fordom Meg fostra hadde Nie heimar Nie innvere Heilagt stortre Fyrr det spratt or mold Årle I old Var det Yme bygde Korkje sand eller sjø Eller svale bylgjur Jord var ikkje Upphimmel ikkje Gap var Ginnunga Men gras var ikkje Fyrr Burs søner baud Bøar seg lyfte Dei som Midgard Mætan skapte Sol skein sunnan På steinar I sal Då grodde grunnen Med grønan lauk Sol kom sunnan Syster åt månen Slo høgre handi Um himmelhestar Sol ikkje visste Kvar salar ho åtte Måne ei visste Kvar makt han åtte Stjernur ei visste Kvar stader dei åtte