Glittertind

Nordmannen

Glittertind


Mellom bakkar og berg ut med havet 
heve nordmannen fenge sin heim 
der han sjølv heve tuftene grave 
og set sjølv sine hus oppå deim 

Han såg ut på dei steinute strender 
det var ingen som der hadde bygt; 
"Lat oss rydja og byggja oss grender 
og så eiga me rudningen trygt" 

Han såg ut på det bårute havet 
der var ruskut å leggja utpå 
men der leikade fisk nedi kavet 
og den leiken den ville han sjå 

Fram på vetteren stundom han tenkte: 
"Gjev eg var i eit varmare land!" 
Men når vårsol i bakkane blenkte 
fekk han hug til si heimlege strand 

Og når liene grønkar som hagar 
når det laver av blomar på strå 
og når netter er ljose som dagar 
kan han ingen stad venare sjå Music by Ludv. M. Lindeman & Lyrics by Ivar Aasen